Internasjonalt solidaritetsarbeid - sør Sudan/ Kenya

- 101126Haldis AFRIKA.jpg
Internasjonalt solidaritetsarbeid - sør Sudan/ Kenya
Vi har ei eiga støttegruppe for sør-Sudan. Støttegruppa administrerar fadrar for ca. 55 foreldrelause born, som bor ved
eit flykningsenter/barneheim i Kenya. Sentret er drive av Dominican Sisters, og leia av Søster Luise Radlmeier. Før fredsavtalen
i 2005 var nesten alle borna der sør-sudanske. No er dei sør-sudanske ei mindre gruppe tenåringar, og majoriteten av fadderborna
er foreldrelause born frå Kenya (aids-orphans). Alle desse borna går i barnehage eller på skole, og får god omsorg av tilsette
ved flyktingsentret/barneheimen.
Styret i lokallaget har og teke på seg å støtte kvinneretta prosjekt i sør-Sudan. Dette i regi av Norsk Folkehjelp sentralt.
Styret har arrangert årleg solidaritetskonsert for sør-Sudan, og vi har hatt fleire faddertreff/samlingar. Vi deler då nytt
om borna og situasjonen i sør-Sudan, og vi har utlodning til inntekt for prosjekta våre. Vi har også hatt fleire fadderturar/studieturar
til Kenya og sør-Sudan.
Lokalaget er med i samarbeidet i Ålesund om TV-aksjonen kvart år.
Du er hjarteleg velkomen til å vere med i vårt internasjonale solidarietsarbeid!
Einar R. Vonstad
leiar
Les mer om Folkehjelpa sitt arbeid i Sør-Sudan her: http://folkehjelp.no/no/Arbeid_internasjonalt/Landsider/Afrika/Sudan/


Twitter
Facebook




