Velkommen til Norsk Folkehjelp Årdal

Hytta vår Jotnavåken

Her finn du oss :

Norsk Folkehjelp Årdal

Postboks 218
6882 Øvre Årdal

Telefon 88 02 06 11 Operativ leiing
Telefon 41 40 64 58 Eigendomsansvarleg

Epost: ardal@folkehjelp.no

Bla i menyane for å finne meir ut om oss.

Ønskjer du å leige lokala vore kan du sjå under "Hus og Hytte" for bestilling og oversikt over når lokala er reservert.


Aktivitetskveldar i Sjukestova

Hei alle saman!

Etter ynskje frå fleire medlemmar har vi bestemt at vi endrar dag frå måndag til tysdag. Desse dagane vil vi ha litt meir fokus på repetisjon og fagleg påfyll. Dei som til no har møtt opp måndagane er gjengarar. Dette er forståeleg, då aktiviteten stort sett har dreia seg om rydding og vedlikehald. Noko det har vore stort behov for, men ikkje er så interessant for alle. Tenkjer då særskild på jentene våre som vi absolutt har behov for i laget.

Om vi skal ha kurs eller temakveldar nokre av desse tysdagane framover, vil det komme info om det på heimesida vår. Så vi oppmodar alle til å sjå på denne med jamne mellomrom. Fyrst og fremst no vil vi ta kart på data fyrstkommande onsdag (10.02) og DHLR (hjartestartar) tysdagen etter (16.02). Så får vi sjå. Om det er ynskjeleg kan vi ta DHLR igjen seinare for dei som ikkje har høve ved fyrste korsveg.

Vi veit det er fleire som  er litt misfornøydde med at SR-kurset ikkje er fullført for dei som starta opp med dette sist. Saken no er at den avsluttande helga med praksis vil bli i samband med Norsk Folkehjelp sine sentrale kurs som blir avholdt kvart år. I år er det helga 02.-04. juli som gjeld. Helga er lagt til Frya Leir på Ringebu. Innan denne helga har vi ein del stoff vi må igjennom. Dette vil det komme meir info om. Alle som er interesserte BØR setje av denne helga. Alt blir sjølvfølgeleg dekka av NFSÅ.

Elles vil vi oppmode alle medlemmar til å kome med ynskje om aktivitet dei kan tenkje seg å ha i laget. Norsk Folkehjelp Årdal er blitt som ein institusjon for mange. Det er sosialt, lærerikt og godt å kome ilag. Difor bør alle kome med sine bidrag for å halde oppe aktiviteten. Det er tross alt ein frivilleg organisasjon. Også for dei i styret.

 

Mvh Styret i NFSÅ

Gjev gåve til Folkehjelpen

Norsk Folkehjelp Årdal fekk ei veldig gjev gåve på nasjonaldagen 2009

Les mer (17.05.2009)